50 000 kr til aldersbestemt fotball

I januar i år blei den årlege veterancupen arrangert for 16. gong. I alle desse åra har turneringa vore avhengig av hjelp frå born og foreldre.

Kvart år blir difor aldersbestemt fotball i Årdal, Lærdal og Aurland gitt ein del av overskotet, som i år var ein sjekk på 50 000 kroner.

Laurdag møttest representantar frå dei tre laga Jotun, Lærdal og Aurland for å ta imot sjekken. Frå Lærdal møtte blant anna Rune Bolstad, som er svært takksam.

– Veterancupen vil retta ein stor takk til friviljuge og sponsorar som gjer turneringa mogleg, seier han og ønskjer alle velkomne til neste utgåve av veterancupen den siste helga i januar 2015.

Denne saka er henta frå www.porten.no