Trening på trampett og airtrack i Lærdal

 

Måndag 14.september  startar me opp trening på trampett og airtrack

for 5-10.klasse

5-6. klasse har trening kl.18-19

7-10.klasse har trening kl.19-20

 

Treninga vert leia av Linn Didriksen Solsvik som har vore konkurranseturnar. Ho vil ha med seg hjelpetrenarar.

Treninga vil innehalde øvingar på airtrack, trampett og matte. Det vil og verte styrketrening og anna som gjer ein til ein god turnar.

 

Me vil halde foreldremøte 2.november kl.19.00 (treninga startar 19.30 for 7-10.klasse denne dagen)

Turngruppa si facebookside (Turngruppa LIL) vert nytta for å legge ut informasjon.

Det same gjeld heimesida til LIL.

 

Treningsavgift kr.300 pr år.

Betaling til konto: 3838.30.22026 innan 15.november.

Viktig: merk betalinga med barnet sitt namn, elles veit me ikkje kven som har betalt, og de vil få purring!

Ein må i tillegg ha medlemskap i LIL.

 

Oppvisningar:

11.januar: Nyttårsoppvisning i hallen

16-17.april: Jotun arrangerer turnstemne i Øvre Årdal

Meir info om dette vert lagt ut på fb/heimesida.

 

Me har stort behov for hjelp til å legge ut utstyr før trening og få det på plass att etter trening. Ønskjer at nokon kjem 17.30 (dei som leverer barn til treninga 18.00) og at nokon som henter dei eldste er att etter 20.00. Kan hende me set opp ei foreldreliste for dette

 

Me ser fram til å sjå dykk i hallen på måndagane!

 

Helsing

Turngruppa LIL