Nye benkar på stadion

Det er sikkert nokon som har fått med seg at det er kommen nokre nye benkar på fotballbana.

Det er utruleg mange i fotballgruppa som kan mykje og vil mykje, og ein av dei er Daniel Molde. Han har i ledige stunder laga dessa benkane til fotballgruppa.

Me håpar dessa benkane kan gjera sitt til at det vil komma fleire på stadion å sjå på ungane, da det er mogelegheit for å setta seg ned å ta ein kaffikopp og noko å bita i frå kiosken.

Me håpar me kan få på plass fleire i løpet av året eller til neste år. Det er utruleg viktig at me behandlar dei godt, og at dei ikkje blir brukt som leikeutstyr. Er det fleire som ynskjer å bidra med ein benk eller noko anna, so er det berre å “trø til”, me treng alle bidrag som kan gjera fotballbana til eit samlingspunkt.