Politiattest

Norges idrettsforbund set krav om at alle personar i idrettslag som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, SKAL leggja fram politiattest til hovudstyret i idrettslaget.  Dette gjeld personar frå 15 år og oppover. Ein person i hovudstyret er kontaktperson og ansvarleg for ordninga.  Denne personen har tausheitsplikt i forhold til dei opplysningar ein får kjennskap til.

Les meir om politiattest her: https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest/

I Lærdal Idrettslag vert dette handtert slik:
Alle personar med verv innanfor idrettslaget/undergrupper, trenarar, lagleiarar og liknande SKAL levere politiattest for ansvarleg for ordninga:

Monika Lysne
epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no.
Tlf. 90516686

På grunn av utfordringar med handtering av stor mengde søknadar om politiattestar nasjonalt, vert no følgjande prioritert:

  1. Personar med verv/ansvarsoppgåver som ikkje tidlegare har levert politiattest til Lærdal IL
  2. Personar med NYE verv/ansvarsoppgåver etter sist levering av politiattest til Lærdal IL

Det vert arbeida med betre rutinar og meir ressursar for handtering av politiattestar nasjonalt, og det kan seinare verte aktuelt å krevje ny politiattest kvart 3. år, slik det tidlegare vart handtert.Det er enkelt å søka om politiattest, det gjer ein elektronisk på følgande link: https://attest.politi.no/

Til søknaden må ein laste opp eit vedlegg som stadfestar formålet med å søka politiattest – dette vedlegget fyller du ut og lagrar det. Dette vedlegget finn du her.

Deretter lastar du opp dette vedlegget, og sender inn.

Når politiattesten er godkjent, må du snarast senda den til Monika Lysne, slik at det vert registrert i databasen vår at du har levert.  Då det tek noko tid å få svar på søknaden, vil ein rå til at alle som har fått verv/ansvarsoppgåver i Idrettslaget snarast sender inn søknaden.