Archive by Author

Galdane Rundt 2018

Kongevegløpet Galdane Rundt vart arrangert for 6.gong laurdag 22.september. Løpet er på 8,7 km og er ei kuppert rundløype på historiske vegar i Lærdal. Rune Opem, IL Dalebrand vann årets Galdane Rundt på tida 31:43 minutt. Han var nøyaktig tre minutt framfør Ivar Garpestad, Sogndal Langdistanselag. Tredje beste var Sondre Teigen Lillebostad, Sogn CK. Sondre […]

Galdane Rundt

HISTORISK TERRENGLØP I LÆRDAL, laurdag 22.september 2018 Start og mål i Koret. (Avkøyrsle før Seltatunnellen E-16-Historisk rute) Dei som vil springe på tid startar kl. 13.00 (fellesstart). Påmelding: Borre.Ovstetun@hydro.com innan 21/09 kl 22:00,   etterpåmelding mogeleg innan 1 time før start. Mosjonistane utan tidtaking startar frå kl. 11.00. Påmelding ved     start. Sjå elles facebookgruppa @GaldaneRundt Det […]

Følg LIL på Norway Cup

På årsmøtet i Lærdal Idrettslag i vinter vart det gjort stas på fotballjentene J13/14 som vart kretsmeistrar i 7-er fotball i 2017.  Dei fekk ei pengegåve som no skal nyttast på Norway Cup. Styret i idrettslaget hadde valt å sette fokus på gode idrettspresentasjonar i året som gjekk. Me har lyst å framheve prestasjonar som […]

Markering av æresmedlem Kåre Øyri

Kåre Øyri mottok i dag, i samband med opninga av Lærdalsmarknaden, diplom og laurbærkrans for sin utrøyttelege innsats for skøytesporten. Han vart valgt til æresmedlem på årsmøtet. Han har i mange år jobba med å aktivisere unge på skøytebana, samt at han og har jobba mykje med å legge forholda til rette og har med det […]

Bodsal under Lærdalsmarknaden

Under Lærdalsmarknaden, laurdag og søndag,  vert det sal av heftet «Tilbakesyn på Lærdal si Idretts-soga»,  Lærdalskalenderen og  det vert lagt ut medlemsgiro om nokon skulle ønskje å bli medlem i Lærdal IL. Prisar: Heftet, som du ser framsida på under, kr 150,- Dette er eit hefte på vèl 70 sider som tek for seg idretten […]

Bilder til Lærdalskalenderen

Bli med å marknadsføra den vakre bygdi vår! Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte. Me innbyr publikum til […]