Archive by Author

Ny leiar i Lærdal-IL

Guri Olsen vart valgt som ny leiar i Lærdal-IL på det ekstraordinære årsmøtet som var 28.3.2019. Ho har vore styremedlem i skeisegruppa. Guri kjem frå Fana i Bergen og arbeider i Aurland Kommune som tenesteleiar for helse og førebygging. Ho overtek etter Hallvard Thomassen som har vore leiar sidan 2013, men som no ynkste avløysing.

Bli med å marknadsføra den vakre bygdi vår – foto til Lærdalskalenderen

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte. Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne […]

Politiattest

Norges idrettsforbund set krav om at alle personar i idrettslag som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, SKAL leggja fram politiattest til hovudstyret i idrettslaget.  Dette gjeld personar frå 15 år og oppover. Ein person i hovudstyret er kontaktperson og ansvarleg for ordninga.  […]

Galdane Rundt 2018

Kongevegløpet Galdane Rundt vart arrangert for 6.gong laurdag 22.september. Løpet er på 8,7 km og er ei kuppert rundløype på historiske vegar i Lærdal. Rune Opem, IL Dalebrand vann årets Galdane Rundt på tida 31:43 minutt. Han var nøyaktig tre minutt framfør Ivar Garpestad, Sogndal Langdistanselag. Tredje beste var Sondre Teigen Lillebostad, Sogn CK. Sondre […]

Galdane Rundt

HISTORISK TERRENGLØP I LÆRDAL, laurdag 22.september 2018 Start og mål i Koret. (Avkøyrsle før Seltatunnellen E-16-Historisk rute) Dei som vil springe på tid startar kl. 13.00 (fellesstart). Påmelding: Borre.Ovstetun@hydro.com innan 21/09 kl 22:00,   etterpåmelding mogeleg innan 1 time før start. Mosjonistane utan tidtaking startar frå kl. 11.00. Påmelding ved     start. Sjå elles facebookgruppa @GaldaneRundt Det […]