Archive | Skigruppa

RSS feed for this section

Maristovadilten 2017

Maristovadilten 2017   40 år med dilting! Laurdag 2.september, start Kyrkjestølen kl.10.00 – 12.00. Innkomst Maristova.  Startkontingent kr.100/familie kr.200. Vanleg premiering + ekstrapremiering i anledning 40-årsjubileet. Arr.: LIL Dilt/Ski-gruppa

Skibussen avlyst!

Som sikkert dei fleste har fått med seg, er ordninga med skibuss avlyst. Dette grunna at for få nytta den, og då vart det for dyrt å drifte.

SKIAKTIVITETAR VINTEREN 2016/2017

I vinter satsar me på å arrangere langrennscupen på Kvamme dersom det ikkje vert elendige tilhøve. Merk: Renna vert arrangert på laurdagar i år. Mange  ønskjer å være med på alpintreningane på søndagar, difor flyttar me cuprenna og dei startar tidleg, slik at alle kan få meir ut av dagen.

Fyrste cuprenn 2016 vert på Kvame.

Det vert arrangert cuprenn på Kvame den 31.1.2016 kl. 14.00. MERK tida då rennet er utsatt med ein time, mot kl.13 som me hadde før. Dette for at dei som også deltek på alpinttreningane også skal rekke å gå langrenn. Dei resterande cuprenna blir: 7. februar, 28.februar og 6.mars. Vel møtt.