Archive | Nyheiter frå Styret

RSS feed for this section

OPPDATERING ANGÅANDE VIPPS BELASTNINGAR.

Ut i frå gjeldande regelverk hjå VIpps, har ikkje Lærdal Idrettslag høve til å hente inn ikkje belasta transaksjoner lengre tilbake enn et år. Fleire undergrupper har ikkje belasta transaksjoner som er eldre enn 1 år. Med heimel i lov om foreldelse § 2, er den generelle fristen for foreldelse av pengekrav 3 år. På […]

Medlemsgiro

Alle husstandar i Lærdal skal etterkvart få medlemsgiro i postkassen. Dette er ikkje heilt gjennomført enno, men du finn òg årets medlemsgiro her. Det vart bestemt på årsmøtet at medlemskontingenten for 2019 vert kr 150,- pr medlem uansett alder. Dette gjeld òg støttemedlemar. Det er viktig å føre opp namn og fødselsdato på dei innbetalinga […]

Endringar i styret

I tillegg til at Lærdal-IL har fått ny leiar, har det skjedd fleire endringar i styret. Svanhild Lindesteg og undertegna har gått ut av styret. Hanne Ødegård er ny sekretær og Sæmund Stokstad er nytt styremedlem.

Ny leiar i Lærdal-IL

Guri Olsen vart valgt som ny leiar i Lærdal-IL på det ekstraordinære årsmøtet som var 28.3.2019. Ho har vore styremedlem i skeisegruppa. Guri kjem frå Fana i Bergen og arbeider i Aurland Kommune som tenesteleiar for helse og førebygging. Ho overtek etter Hallvard Thomassen som har vore leiar sidan 2013, men som no ynkste avløysing.

Bli med å marknadsføra den vakre bygdi vår – foto til Lærdalskalenderen

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte. Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne […]