Archive | Nyheiter frå Styret

RSS feed for this section

Medlemsgiro

Alle husstandar i Lærdal skal etterkvart få medlemsgiro i postkassen. Dette er ikkje heilt gjennomført enno, men du finn òg årets medlemsgiro her. Det vart bestemt på årsmøtet at medlemskontingenten for 2019 vert kr 150,- pr medlem uansett alder. Dette gjeld òg støttemedlemar. Det er viktig å føre opp namn og fødselsdato på dei innbetalinga […]

Endringar i styret

I tillegg til at Lærdal-IL har fått ny leiar, har det skjedd fleire endringar i styret. Svanhild Lindesteg og undertegna har gått ut av styret. Hanne Ødegård er ny sekretær og Sæmund Stokstad er nytt styremedlem.

Ny leiar i Lærdal-IL

Guri Olsen vart valgt som ny leiar i Lærdal-IL på det ekstraordinære årsmøtet som var 28.3.2019. Ho har vore styremedlem i skeisegruppa. Guri kjem frå Fana i Bergen og arbeider i Aurland Kommune som tenesteleiar for helse og førebygging. Ho overtek etter Hallvard Thomassen som har vore leiar sidan 2013, men som no ynkste avløysing.

Bli med å marknadsføra den vakre bygdi vår – foto til Lærdalskalenderen

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte. Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne […]

Politiattest

Norges idrettsforbund set krav om at alle personar i idrettslag som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, SKAL leggja fram politiattest til hovudstyret i idrettslaget.  Dette gjeld personar frå 15 år og oppover. Ein person i hovudstyret er kontaktperson og ansvarleg for ordninga.  […]