SKIAKTIVITETAR VINTEREN 2016/2017
I vinter satsar me på å arrangere langrennscupen på Kvamme dersom det ikkje vert elendige tilhøve.
Merk: Renna vert arrangert på laurdagar i år. Mange ønskjer å være med på alpintreningane på søndagar, difor flyttar me cuprenna og dei startar tidleg, slik at alle kan få meir ut av dagen.
1. Cuprenn: 28.januar kl. 10.00 påmelding 09.30-09.45
2.Cuprenn: 11.februar kl. 10.00 påmelding 09.30-09.45
3.Cuprenn: 25.februar kl. 10.00 påmelding 09.30-09.45
4.Cuprenn: 04.mars kl. 10.00 påmelding 09.30-09.45
Startkontingent kr. 40,-
Premiering vert som før: Deltakarpremiering til alle etter tal renn ein tek del i. Det vert trekt ut 2 gåvekort a kr. 500,- mellom deltakarar i alder 11 til 16 år. (fom 5.kl.- tom. 10.kl.) som har gått 3 eller 4 renn. Premieutdeling/sesongavsluttning vert arrangert til våren.
Sjølvsagt tek me atterhald om vèr og føretilhøve. Følg med på buiborgund.no og LIL sine nettsider. Dei som er interessert i å samle km nytt Barnas Skimerke, sjå nsf.no
Arr.: LIL Skigruppa