Turngruppa startar opp med ny aktivitet for born
“Bli trent for å trena”- BASIS UNG
Eit nytt treningstilbod for 5.-8. klasse startar opp 01. november i hallen – BASIS UNG.
Treninga er underlagd Turngruppa i Idrettslaget, men er retta mot alle i aldersgruppa som ynskjer å styrke ferdigheiter innan blant anna styrke, uthaldenheit, koordinasjon, bevegelegheit, spenst, teknikk, +++ (på tvers av alle gruppene i idrettslaget). Treninga skal vere skadeførebyggjande og gje viktig lærdom om rett teknikk i ulike øvingar, men og vera artig, motiverande og sosialt. Det blir ulike instruktørar med ulik bakgrunn som skal halda treningane, noko som vil vera med på å gjera treningane varierte.
Treningstid vert TORSDAGAR kl. 19 – 19.50. Det vert ordna med garderobar/dusj til dei som vil rett på Kosen etterpå.