Archive | Nyheiter frå Styret

RSS feed for this section

Bli med å marknadsføra den vakre bygdi vår – foto til Lærdalskalenderen

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte. Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne […]

Utvask av nytt klubbhus på dugnad

Utvask av 1. etg av det nye klubbhuset vart utført på dugnad i dag . Alle som var med på dugnaden gjorde ein formidabel innsats, og dugnaden vart effektivt og greit gjennomført av ein humørfyllt gjeng.  Det vart servert, pølser, brus, kaffi og kaker etc. Du kan klikke på bilda for å forstørre dei.      

Årsmøte i Lærdal-IL

Årsmøte i Lærdal Idrettslag vert 8.mars 2016. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene ei veke før årsmøtet på heimesida til LIL.

Medlemspengar 2016

Lærdal idrettslag har i fleire år sendt medlemsgiroar som flygeblad i posten. Vi har fått tilbakemeldingar om at mange ikkje har fått giroblanketten,  og så viser det seg at dei som har  reservert seg mot uadressert reklame ikkje får medlemsgiroen i postkasssen. Derfor har vi lagt ekstra giroar i lokala til Indre Sogn Sparebank på Øyri. Medlemsgiro finn du òg her. […]

Byggestart for nytt klubbhus i haust

Fredag 21.august vart det avgjort at Vestlandshus-Sogn i Kaupanger vann konkurransen om å bygge nytt skytehus og klubbhus. Byggestart vert innan 1-2 veker. Bygget vert slik som teikningane viser, der 2.etg i denne omgang kun vert levert som uisolert råbygg. Me har prioritert å få ferdig 1.etg så raskt som mulig, då det hastar å […]