SKIAKTIVITETAR VINTEREN 2016/2017

I vinter satsar me på å arrangere langrennscupen på Kvamme dersom det ikkje vert elendige tilhøve.

Merk: Renna vert arrangert på laurdagar i år. Mange  ønskjer å være med på alpintreningane på søndagar, difor flyttar me cuprenna og dei startar tidleg, slik at alle kan få meir ut av dagen.

1. Cuprenn: 28.januar     kl. 10.00    påmelding 09.30-09.45

2.Cuprenn: 11.februar     kl. 10.00    påmelding 09.30-09.45

3.Cuprenn: 25.februar    kl. 10.00    påmelding 09.30-09.45

4.Cuprenn: 04.mars        kl. 10.00    påmelding 09.30-09.45

Startkontingent kr. 40,-

Premiering vert som før: Deltakarpremiering til alle etter tal renn ein tek del i. Det vert trekt ut 2 gåvekort a kr. 500,- mellom deltakarar i alder 11 til 16 år. (fom 5.kl.- tom. 10.kl.) som har gått 3 eller 4 renn. Premieutdeling/sesongavsluttning vert arrangert til våren.

Sjølvsagt tek me atterhald om vèr og føretilhøve. Følg med på buiborgund.no og LIL sine nettsider. Dei som er interessert i å samle km nytt Barnas Skimerke, sjå nsf.no

Arr.: LIL Skigruppa