Vedtekter

Her kan du lese vedtektene for Lærdal Idrettslag, revidert og vedtatt på årsmøtet 2002.

Ver spesielt merksam på at du må vere betalt medlem i LIL og ha betalt treningsavgift for

den aktiviteten du er med på. Dette er viktig, fordi det er eit godt bidrag til lagskassa.

 

Lov for Lærdal Idrettslag skipa 20.mai 1937

 

Vedteken  på årsmøte 27.02  2002

 

Godkjend av Idrettsstyret ……….  (ddmmåå) (1)

 

Generelt:  Dette er ei ufråvikeleg basis-lovnorm som inneheld minimum av det alle lag  må ha i si lov.

Ut over dette som står i denne, kan laga legge til det som dei ønskjer og som dei reknar er naudsynt for dette laget, så lenge tillegga ikkje strir mot NIF si lov eller retningslinjer, eller mot denne lovnorma. Spesielt vil dette gjelde reglar som den interne organiseringa av laget i gruppe og avdelingar, og om desse skal vere representert i hovudstyret osv, jfr. lovnorma § 15, og om korleis styret skal setjast saman, jfr. lovnorma § 12.

Nye idrettslag må ved innmelding i NIF bruke lovnorma som si lov, men kan etter at laget er teke opp i NIF endre lova, jfr. NIF si lov § 1-6 (merk at også desse endringane skal godkjennast av NIF).

 

§ 1 FØREMÅL

Laget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemar.

Laget sitt føremål er å drive idrett organisert i Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske Komite.

 

§ 2 ORGANISATORISK TILKNYTING

Laget er medlem av NIF gjennom Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Laget er medlem i det/dei særforbund(a) som  årsmøte gjer vedtak om.

 

Laget har sete i Lærdal kommune og er medlem av idrettsrådet  i kommunen. (2)

Reglane i NIF`s lov kapittel 1, 2, 5, 11, 12 og 13 gjeld for idrettslaget uavhengig av kva som måtte stå i laget si eiga lov.

 

§ 3 MEDLEMAR

Alle som lovar å rette seg etter  laget si lov og lovene til overordna idrettsorgan, kan bli medlemar.

Alle som er medlemar pliktar å følgje lovene til Norges Idrettsforbund, og dessutan dei lover og vedtekter som gjeld  for NIF sine organisasjonsledd, medlemar og for laget.

Ein søkar kan ikkje bli medlem utan at dei økonomiske pliktene i høve  til andre organisasjonsledd og medlemar i NIF er gjort opp. Medlemsskap i laget gjeld først og vert rekna frå den dagen første kontingent er betalt.

 

§ 4  KVEN HAR RØYSTERETT OG KVEN KAN VELJAST

For å ha røysterett på laget sine møte må eit medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst 1 månad, og ikkje skulde laget kontingent.(4)

Alle medlemar  som har røysterett og som ikkje er  arbeidstakarar i laget, kan veljast til tillitsverv i laget, og som  representant til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon. Dette gjeld ikkje for representantar som er valde av og blant dei tilsette, eller som er spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i laget.

__________________________________________________________________________________

(1)        Jfr. NIF si lov § 2-2 og 10-5.

(2)        Merk at idrettslaget berre kan vere medlem av eitt idrettsråd. Dersom laget sitt naturlege område strekkjer seg over meir enn ein kommune, må laget velje kva idrettsråd ein skal høyre til.

(3)        Når det står «kan bli medlem» inneber dette at ingen har krav på å bli medlem. Lovutvalet har sagt at med grunnlag i utgangspunktet for regelen, har eit idrettslag rett til å avslå ein opptakssøknad i heilt spesielle  høve, og eit slikt avslag vil kunne ankast inn for Idrettsstyret.

(4)        Jfr. NIF si lov § 2 – 5

 

§ 5 KONTINGENT

Kontingenten skal fastsetjast av årsmøtet og betalast på forskot.(5)

Medlemar som skuldar kontingent for meir enn eitt år, mister røysteretten  og andre rettar

og styret kan stryke dei som medlem i laget.

Ein medlem som vert stroken, kan ikkje takast inn att før skuldig  kontingent er betalt.

Dersom eit medlem framleis skuldar kontingent etter forfall av to års kontingent, skal medlemsskapet avsluttast ved stryking frå laget si side.

 

§ 6 GODTGJERSLE TIL TILLITSVALDE (6)

Tillitsvald kan ta i mot refusjon for naudsynte, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vert påført vedkomande i utføring av vervet. Tillitsvald kan ta i mot eit rimeleg honorar for arbeidet sitt.

Utgifter til godtgjersle og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av laget sitt budsjett og rekneskap.

 

§ 7 INHABILITET

For laget sine tillitsvalde, personar oppnemnde til verv og tilsette, gjeld NIF sine inhabilitetsregler.

 

§ 8 STRAFFESAKER

For alle straffesaker gjeld NIF si lov kapittel 11 (NIF sine Straffebestemmelser).

 

§ 9 ÅRSMØTE

Laget sitt  høgste styringsorgan er årsmøtet, som skal  haldast  kvart år (7) innan utgangen av februar månad.

Styret kallar inn til årsmøte minst 1 månad på førehand, (8) direkte til medlemene eller ved kunngjering i  pressa.

Framlegg som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Medlemene skal ha tilgjenge til fullstendig sakliste seinast 1 veke før årsmøtet.

Alle medlemer i laget har tilgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades.

Årsmøtet i idrettslaget er vedtaksført dersom det møter eit tal representantar / medlemar som minst tilsvarar talet på  styremedlemer. Dersom årsmøtet i idrettslaget ikkje er vedtaksført kan det kallast inn til årsmøte på nytt utan krav om  minimumsdeltaking.

Ingen har meir enn ei røyst og røystegiving kan ikkje skje ved fullmakt.

På årsmøtet kan  ikkje handsamast framlegg om lovendring som ikkje er ført opp på saklista seinast 1 veke før årsmøtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slikt vedtak kan gjerast berre i høve godkjenning av saklista (9)

 

§ 10 LEIING AV ÅRSMØTET

Årsmøtet vert leia av vald dirigent. Dirigenten treng ikkje vere medlem av laget.

 

§ 11 RØYSTEGIVING PÅ ÅRSMØTET

Med mindre noko anna er fastlagt skal eit vedtak for å  vere gyldig vere gjort med vanleg fleirtal av dei leverte røystene.

Val føregår hemmeleg dersom det ligg  føre meir enn eitt framlegg eller det vert fremja krav om det.

Viss det skal vere skriftleg val, kan berre kandidatar det er gjort framlegg om førast opp på røystesetelen.

__________________________________________________________________________________

(5)       Ein medlem kan gjere avtale med laget atkontingenten skal betalast heilt eller delvis ved dugnad. Merk at styret har svært avgrensa høve til å påleggje medlemane dugnadsplikt.

(6)        Jfr. NIF si lov § 2-6.

(7)        Laget kan velje om årsmøtet skal haldast kvart år, eller om årsmøteperioden skal vere 2 år.

(8)        Jfr. NIF si lov § 2 – 8

(9)          Jfr.NIF si lov § 2-9

 

Røystesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar det ikkje er gjort framlegg om, tel ikkje og røystene vert rekna som ikkje avgitt.

Når eit val vert halde enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av dei leverte røystene, skal det vere bunde omval mellom dei 2 kandidatane som har fått flest røyster.

Står kandidatane likt etter omvalet, vert valet avgjort ved loddtrekkjing.

Når fleire skal veljast ved ei røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei leverte røystene for å vere valde. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar.

Om ikkje mange nok kandidatar får dette  i fyrste omgang, er berre dei valde som har fått meir enn halvparten av røystene.

Det vert så bunde omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er dei valde dei som får  flest røyster.

Står nokon likt etter omvalet, vert  dette avgjort ved loddtrekkjing.

 

§ 12 ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER

Årsmøtet skal : (10)

1.         Handsame laget si årsmelding.

2.         Handsame laget sitt reviderte rekneskap. (11)

3.         Handsame innkomne framlegg.

4.         Fastsetje kontingent.

5.         Vedta laget sitt budsjett.

6.         Avgjere laget sin organisasjon (Jfr. § 15)

7.         Val (12)

a)        Leiar og nestleiar

b)           3 styremedlemar, herav kasserar og skrivar, og 3 varamedlemar (13)

Desse utgjer arbeidsutvalet i styret. Leiarane i gruppene (eller ein representant frå kvar gruppe) inngår også som medlemar i hovudstyret.

c)              Revisorar (14)

d)              Representantar til ting og møte i dei organisasjonar som laget er tilslutta.

e)              Laget har oppretta følgjande grupper:

  • Fotball
  • Turn
  • Barneidrett
  • Friidrett / Trim
  • Skeiser
  • Symjing
  • Ski
  • Handball
  • Innebandy

Gruppene skal halde sine årsmøte innan utgangen av januar og konstituerer seg sjølve.

Alle grupper skal ha eit styre med min. 3  representantar, der ein er vald  kasserar for gruppa og ein er vald skrivar.

Ved val skal det veljast kandidatar/representantar frå begge kjønn. Samansetjinga skal stå  i høve til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel slik at det skal vere minst to representantar frå kvart kjønn. Dette gjeld ikkje i råd og utval m.m. som består av tre eller færre medlemer.

 

§ 13 OMFRAMT ÅRSMØTE

Omframt årsmøte vert halde når styret eller overordna idrettsorganisasjon gjer vedtak om dette, eller når minst ein tredel av dei røysteføre medlemane krev det.

Møtet vert kalla inn på same måte som vanleg årsmøte med minst 14 dagars varsel.

Omframt årsmøte kan berre handsame og ta avgjerd i dei sakene og som er gjort kjent i innkallinga.

 

§ 14 STYRET (15)

Laget vert leia av styret, som er laget sitt høgste organ mellom årsmøta.(16)

________________________________________________________________________________

(10)        Liste over årsmøtet sine oppgåver i denne avgjerda er minimum av kva laget si lov skal innehalde.    I tillegg kan  andre oppgåver også tilleggjast årsmøtet.

(11)      Rekneskap og budsjett for idrettslag som er organiserte med grupper eller avdelingar, skal omfatte rekneskapa og budsjetta for desse avdelingane/gruppene.

Dette er ei følgje av at avdelingar og grupper i eit idrettslag aldri kan vere juridisk og økonomisk sjølvstendige einingar, då laget elles ikkje ville vere eit idrettslag.  Sjå også § 15.

(12)      Dette er minimum av dei tillitspersonar som skal veljast på årsmøtet. Det er ikkje noko i vegen for at årsmøtet i tillegg kan velje andre  tillitspersonar om det er naudsynt.

(13)      Tal styremedlemar og varamedlemar blir fastsett av vedteken lov. Det er ikkje noko i vegen for at styremedlemar kan veljast til spesifikke oppgåver, slik at ein i staden for  å velje tre styremedlemer kan velje t.d. kasserar, sekretær og materialforvaltar.

(14)      Idrettslag med omsetning på meir enn kr. 2.000.000,- pliktar å ha engasjert revisor, jfr. rekneskaps-og revisjonsvedtektene § 5-1.

(15)      Styret kan vere andre enn dei som er valde på årsmøtet, som f.eks. leiar i gruppene o.l. Dette må i så fall presiserast i denne paragrafen.

(16)      Denne høgste avgjerdsmakta kan ikkje, verken heilt eller delvis, delegerast til andre organ /personar innan laget (det kan såleis ikkje lovfestast at representantskapet og liknande skal kunne overprøve styret sitt vedtak).

__________________________________________________________________________________________

 

Styret skal: (17)

1.         Setje i verk  vedtak og avgjersler som vert gjorde av årsmøtet og  av overordna             idrettsorgan.

2.         Nemne opp komitear, utval og personar for særskilde oppgåver når dette er naudsynt.

Utarbeide instruks for desse

3.         Administrere og føre naudsynt kontroll med laget sin økonomi i samsvar med dei til              ei kvar tid gjeldande instruksar og vedtekter for idretten.

4.         Representere laget utover.

Styret held møte når leiaren eller eit fleirtal av medlemene i styret  krev det. Styret kan gjere vedtak når eit fleirtal av medlemene i styret er tilstades. Vedtak vert gjort med fleirtal av dei avgitte røystene. Ved likt røystetal, er røysta til møteleiaren avgjerande.

 

§ 15 GRUPPER / AVDELINGAR (18)

Laget kan organiserast med grupper. Desse kan leiast av  oppnemnde tillitspersonar eller av valde styre. Laget sitt årsmøte tek avgjerd om oppretting av avdelingar/grupper, og korleis desse skal organiserast og leiast. (19)

For avdelingar/grupper sine økonomiske plikter heftar heile laget, og avdelingar/grupper kan ikkje inngå avtalar eller representere laget utover utan styret si godkjenning.(20)

 

§ 16 LOVENDRING

Endringar i denne lova kan berre gjerast på vanleg eller omframt årsmøte, etter å ha vore ført opp på saklista, og krev to tredels fleirtal av dei leverte røystene.

Lovendringane må sendast Idrettsstyret for godkjenning, og trer ikkje i kraft før dei er godkjende.

§ 17 kan ikkje endrast.

 

§ 17 OPPLØYSING

Oppløysing av laget kan berre handsamast på  vanleg årsmøte.

Vert oppløysing vedteke med minst to tredels fleirtal, skal omframt årsmøte haldast 3 -tre-

månader seinare. For at laget skal bli oppløyst, må vedtaket her gjerast oppatt med to tredels fleirtal.

Samanslåing med andre lag vert ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og naudsynte lovendringar knytt til dette, skal gjerast i samsvar med reglane om lovendring jfr. § 16.

I fall oppløysing eller annan nedlegging av laget, skal laget si eige førast over til Norges Idrettsforbund eller føremål godkjend av Idrettskrinsstyret.

 

I fall oppløysing skal laget sitt arkiv sendast til idrettskrinsen.

________________________________________________________________________________

(17)     Her er det teke med minimum av dei oppgåver som skal leggjast til styret. Det er             ikkje noko i vegen for at det kan avgjerast at styret skal ha andre oppgåver i tillegg.

(18)      Jfr. § 12, nr. 6 står årsmøtet fritt til å organisere laget slik det  ønskjer i             underavdelingar og/eller grupper.

Desse kan gi den betegnelse årsmøtet ynskjer og kan også vere representert i laget sitt styre     dersom årsmøtet avgjer det.

Det blir gjort merksam på at fleire særidrettslag kan vere knytt saman i eit felles allianseidrettslag, som har til oppgåve å vere eit felles organ for desse særidrettslaga. På denne måten vil laga ha eit fellesskap gjennom å høyre til allianselaget, samtidig som dei beheld sin økonomiske og juridiske sjølvstende. I praksis blir dette ordna med at medlemane i særidrettslaga samtidig er medlemer i allianselaget.

(19)      Jfr. § 12, nr. 6.

(20)      Dette inneber mellom anna at det berre er laget sitt styre (hovudstyret der laget har grupper/avdelingar med  eigne styre) som kan føreta tilsettingar og inngå sponsorkontraktar.