Archive | februar, 2016

Årsmøte i Lærdal-IL

Årsmøte i Lærdal Idrettslag vert 8.mars 2016. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene ei veke før årsmøtet på heimesida til LIL.

Barneturnstemne i Øvre Årdal 2016

Helga 16.-17. april vert det barneturnstemne i Øvre Årdal. Stemnet vert arrangert i Årdalshallen, og går over to dagar, med oppvisning både laurdag og søndag. Det vert ikkje felles transport, så me er avhengige av foreldre som kan køyre. Pris for stemne med middag utan overnatting er 250 kr. På stemnet skal gutane bruke kvit […]

Medlemspengar 2016

Lærdal idrettslag har i fleire år sendt medlemsgiroar som flygeblad i posten. Vi har fått tilbakemeldingar om at mange ikkje har fått giroblanketten,  og så viser det seg at dei som har  reservert seg mot uadressert reklame ikkje får medlemsgiroen i postkasssen. Derfor har vi lagt ekstra giroar i lokala til Indre Sogn Sparebank på Øyri. Medlemsgiro finn du òg her. […]