Dansekurs med Anna og Berit

Velkomen til dansekurs 29-30 juni!

Er du glad i å danse? Vil du å lære noko nytt? Er du mellom 8-16 år? Då er Anna og Berits sommarkurs noko for deg! Me vil ha det gøy med dansen og kan love mykje sprell, moro og kul musikk! Kanskje vil du bli kjend med andre som har same interesse for dans som deg? Du treng ikkje ha noko erfaring frå før, det held at du har lyst å lære.

Om oss

Me er to systrer på 22 år som kjem frå Borgund. Me utdannar oss begge i dans, Anna ved kunsthøgskulen i Oslo og Berit på Ballettakademien i Stockholm. Me har begge stor glede av dansen og ynskjer å dele denne med deg! Om du vil sjå oss danse kan du ta ein titt på dansefilmen me har laga som du kan finne på denne nettstaden

(passordet er spindeldans): https://vimeo.com/107840602

Stad: Kommunehuset på Borgund i Lærdal

Tid:

29-30 juni

Måndag

Kl. 1200-1330 (Nivå 1: Nybegynnar)

Kl. 1400-1600 (Nivå 2: Litt øva)

Tysdag

Kl. 0930-1100 (Nivå 1: Nybegynnar)

Kl. 1130-1330 (Nivå 2: Litt øva)

NB! Det kan oppstå endringar av klokkeslett, då seier me ifrå i god tid

Ta med behagelege klede du kan røre deg i, gjerne bukse og t-skjorte med ermer. Ha med godt med niste. Det er moglegheit for å dusje på Borgund skule etterpå.

Prisar:

Sidan me har motteke støtte til prosjektet frå Gaveinstituttet – Indre Sogn sparebank har me bestemt oss for at sjølve kurset skal vere gratis. Me kan tilby overnatting med mat, då betaler du 150 kr for to dagar.

For påmelding og spørsmål

Anna og Berit Einemo Frøysland

Mob. 45460942/98063667

E-post: froysart@gmail.com

Me gler oss!