Aktivitetsleiarkurs for barneidrett

Som aktivitetsleiar/instruktør i barneidretten er ein viktig for barn si utvikling!
Eit aktivitetsleiarkurs i barneidrett gir kunnskap og tryggheit til å drive variert aktivitet for barn opp til 12 år. I tillegg får ein konkrete praktiske tips til aktivitetar og korleis ein kan bygge opp ei trening slik at barna opplever meistring og allereie gler seg til neste trening!

Ønskjer du, eller kjenner du nokon som vil ta aktivitetsleiarkurs?

Idrettskrinsen set opp kurs 23.-24. oktober.

Kurset består av:
14 timar med kurslærar – både teori og praksis (fredag kveld + laurdag)
2 timar e-læring

Les meir om kurset her:
https://www.idrettsforbundet.no/idrettskretser/sogn-og-fjordane-idrettskrins/kompetanse1/aktivitetsleiarkurs-for-barn/

Ta kontakt med Ann-Hege om du vil ta kurset eller har spørsmål: tlf: 92809082, epost: an-eines@online.no