Det vert årsmøte i skigruppa i Borgund Samfunnshus onsdag den 10.2.2016 kl. 20.00. Meir info finn du her. Møteinnkalling årsmøte skigruppa [54371]
Archive | januar, 2016
Fyrste cuprenn 2016 vert på Kvame.
Det vert arrangert cuprenn på Kvame den 31.1.2016 kl. 14.00. MERK tida då rennet er utsatt med ein time, mot kl.13 som me hadde før. Dette for at dei som også deltek på alpinttreningane også skal rekke å gå langrenn. Dei resterande cuprenna blir: 7. februar, 28.februar og 6.mars. Vel møtt.
Pilates
Kom og tren pilates tysdagskveldar kl.1900 i Storstova på skulen på Øyri. Ingen påmelding, men vil gjerne ha beskjed om du er interessert.
Idrettsbana 2 år etter brannen
Slik ser idrettsbana ut 2 år etter brannen. Foto: Jarle Offerdal
Skibussen 2016
Skibussen startar opp att laurdag den 9. januar. Den vil gå kvar laurdag t.o.m 19.mars. Avgang 08.45 frå rådhuset, retur frå skiheisen kl.16.00
Det er no is på skøytebana
Fleire dagar med mange minusgrader har lagt tilhøva til rette for sprøyting, og med det, ei islagt skøytebane. Skøytebana er no klar for bruk.
Nyttårsoppvisning – turnarane i Lærdal
Måndag 11.januar kl.18.30 vert det turnoppvisning i Lærdalshallen. Om lag 40 barn og unge frå turngruppa i Lærdal viser kva dei kan på airtrack og trampett. Ta turen, du vil garantert få ein knall start på veka 🙂 Gratis inngang 🙂 Helsing Turngruppa i Lærdal Linn, Brita, Ann Hege, Trine, Åslaug og Anita