Trening på airtrack og trampett
Måndag 19.september startar me opp trening på trampett og airtrack
for 5-10.klasse. Denne dagen har alle trening kl.18-19. Elles vert treninga slik:
5-6. klasse kl.18-19
7-10.klasse kl.19-20
Påmeldingsfrist er 16.9.2016 til:
an-eines@online.no eller anita.karlsen.bentaas@lardalsnett.no
Treningsavgift kr.300 pr år (sesong 2016/2017)
Betaling til konto: 3838.30.22026 innan 15.november. Viktig: merk betalinga med barnet sitt namn, elles veit me ikkje kven som har betalt, og de vil få purring!
Ein må i tillegg ha medlemskap i LIL.
Me nyttar heimesida til LIL samt turngruppa si facebookside (Turngruppa LIL) for å legge ut informasjon.
Me har stort behov for hjelp til å legge ut utstyr før trening og få det på plass att etter trening. I år vil me sette opp ei foreldreliste der de må hjelpe til på ei til to treningar i løpet av heile året. Dei som har born på det yngste partiet er med 17.30-19.00, medan dei som har born på det eldste partiet er med 19.00-20.30. Ein byter innbyrdes viss dato ikkje passar.
Me ser fram til å sjå gamle og nye turnarar i hallen på måndagane 🙂
Me oppfordrar turnarar som og er med på fotball til å halde fram med fotballtrening og kampar til fotballsesongen er ferdig.
Helsing
Turngruppa LIL