Trening på trampett og airtrack

Måndag 18.september kl.17:30 startar me opp trening på trampett og airtrack for 4-10.klasse.

Fyrste treninga vil vera felles for alle frå 4.-10.klasse. Dette er for å sjå kor mange som kjem. Me veit at det framleis er mange som spelar fotball, og alle er hjarteleg velkommen når fotballsesongen er over.

Etter kvart vil dette verte treningstidene:

4-5. klasse har trening kl.17:30-18:30

6-10.klasse har trening kl.18:30-19:30

For å få ei oversikt over kor mange som har lyst til å byrje med turn ynskjer me at de melder på bornet dykkar til:

Ann-Hege på tlf: 92809082, eller epost: an-eines@online.no

Treninga vil innehalde øvingar på airtrack, trampett og matte. Det vil og verte styrketrening og anna som gjer ein til ein god turnar.

Treningsavgift kr.300 pr år. Betaling til konto: 3838.30.22026 innan 1.november. Denne avgifta dekkar forsikring for bornet.

Viktig: merk betalinga med barnet sitt namn, elles veit me ikkje kven som har betalt, og de vil få purring! Ein må i tillegg ha medlemskap i LIL.

Turngruppa si facebookside (Turngruppa LIL) vert nytta for å legge ut informasjon. Det same gjeld heimesida til LIL.

Oppvisningar:

11.desember: Juleoppvisning i hallen

21.-22.april: Barneturnstemne i Førde

Meir info om dette vert lagt ut på fb/heimesida.

Me har stort behov for hjelp til å legge ut utstyr før trening og få det på plass att etter trening. Me kjem til å sette opp ei foreldreliste for dette 🙂

Me ser fram til å sjå dykk i hallen på måndagane! 🙂

Helsing Turngruppa LIL