Dugnad og klargjæring av mål for reparasjon

 

Laurdag 17.03 hadde me dugnad på fotballbana. Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde ein flott jobb med klargjering av måla, slik at me kan få reparert og sveisa dei.  Det er dessverre ein del mål som treng vedlikehald, etter at vinden har behandla dei stygt. Det er derfor viktig at me benyttar festeanordningane som er tillaga på bana, og festar måla etter bruk. Måla skal sjølvsagt brukast, men viktig at dei blir festa . Det blir jobba med å få tak i nokon som kan hjelpa oss med å sveisa måla og intensjonen er at måla er sveisa før påske, om ikkje blir det teke tak i rett etter påske.