Markering av æresmedlem Kåre Øyri

Kåre Øyri mottok i dag, i samband med opninga av Lærdalsmarknaden, diplom og laurbærkrans for sin utrøyttelege innsats for skøytesporten. Han vart valgt til æresmedlem på årsmøtet. Han har i mange år jobba med å aktivisere unge på skøytebana, samt at han og har jobba mykje med å legge forholda til rette og har med det betydd svært mykje for skøytesporten i Lærdal. Leiar i Lærdal IL Hallvard Thomassen overrakk ein velfortent diplom og laurbærkrans. Kåre gav uttrykk for å sette stor pris på dette.
Laurbærkransen var laga av Lærdal og Amble Gartneri med «laurbær» frå Laila Kvigne som i lag med innsatsen til Kåre passar godt inn med temaet for marknaden; «Typisk Lærdal»