Galdane Rundt 2018
Kongevegløpet Galdane Rundt vart arrangert for 6.gong laurdag 22.september. Løpet er på 8,7 km og er ei kuppert rundløype på historiske vegar i Lærdal.
Rune Opem, IL Dalebrand vann årets Galdane Rundt på tida 31:43 minutt. Han var nøyaktig tre minutt framfør Ivar Garpestad, Sogndal Langdistanselag. Tredje beste var Sondre Teigen Lillebostad, Sogn CK. Sondre vann fyrste året Galdane Rundt vart arrangert i 2013.
Dameklassa vart vunnen av Marita Hestetun, IL Jotun på tida 44:08 minutt. Ho var eigentleg på jobb, men fekk fri nokre timar for å koma til Lærdal for å springe og vinne Galdane Rundt. Andre beste dame var Nancy Sommar, IL Varegg 20 sek bak. Nancy er «halvt» Lærdøl og ho trenar i alle fjell i Lærdal heile sommaren.
Tredje raskaste dame var Åslaug Golf Kaardal , Lærdal IL. Ho er i mammapermisjon, men tok pause i amminga, for å springe løpet ho har vunne to gonger tidlegare.
Utruleg kjekt at ungdommen sprang på tid, slik at rekrutteringa er sikra. Gledeleg og at det kom mange langvegsfarande, samtidig som dei lokale stilte opp.
Gubbetrimmen i Jølster ved sjefstrenar Johnny Solheimsnes stilte med 15 deltakarar fordelt på tid og mosjon. Gubbetrimmen brukar å ha sesongavslutning og sesongstart med Galdane Rundt. På laurdagskvelden har dei årsmøte og ligg på hotell i Flåm.
Ekstremværet Knud herja rundt på kysten, men i Lærdal var det opphald og fine forhold under løpet. Det hadde rett nok regna før løpet og værmeldingane var sånn passe, men det var opphaldsvær og gode temperaturar mens arrangementet pågjekk.
Heile 70 sprang på tid og 100 deltok i mosjonsklassa, noko me arrangørane var svært fornøgde med. Stemninga og tilbakemeldingane var veldig gode.
Tusen takk for deltakinga og vel møtt til neste års Galdane Rundt, Norges finaste terrengløp!
Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL