Magnar Ljøsne utnemd til æresmedlem i Lærdal-IL
Magnar Ljøsne vart, på årsmøtet 11.6, utnemd til æresmedlem i idrettslaget.
Han har lang fartstid som trenar for fotballaget på 1970-80 talet, då Lærdal spelte seg opp i 3.divisjon og det var stort folkeleg engasjement rundt fotballen i bygdi.
Då laget var 50 år i 1987 laga han utstilling i gamlebanken. I 2017 då laget var 80 år var det ny stor utstilling på Villakssenteret.
Siste prosjekt han arbeider med er lagssoga der fyrste bindet, for perioden 1937-1970, var ferdig for eit par år sidan. Bind 2 for perioden 1970 til i dag, er under utarbeiding og er planlagt utgjeve til jul.
Det er såleis ein stor innsats Magnar har lagt ned for laget.
Magnar Ljøsne og Guri Olsen