Foto til Lærdalskalenderen 2022 – tema BYGNINGAR

Siste frist for innsending av bilete til Lærdalskalenderen 2022 er sett til 1.mai 2021.

Send bileta til laerdal.musikk@gmail.com 

Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte.

Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne bilete. Me ynskjer motiv frå kommunen vår frå alle årstider, og til 2022 kalenderen, ynskjer me å ha bygningar frå Lærdal som hovudtema.

Bilete som vert brukt, vert premierte med 500 kroner kvar. Framsidebiletet vert premiert med 1000 kroner. 

Siste frist for innsending av bilete til Lærdalskalenderen 2022 er sett til 1.mai 2021. Bileta må ha liggande format og vera digitaltale. Send bileta til laerdal.musikk@gmail.com Me ber om namn, adresse og kontonummer på kvart innsende bilete.

Ein jury med representantar frå begge laga vil velja ut bileta som skal brukast i kalenderen.

Lukke til med fotograferinga!

Lærdal idrettslag
Lærdal musikklag

Takk til sponsorane våre Lærdal Energi og Sogn Sparebank