Byggestart for nytt klubbhus i haust

Fredag 21.august vart det avgjort at Vestlandshus-Sogn i Kaupanger vann konkurransen om å bygge nytt skytehus og klubbhus.
Byggestart vert innan 1-2 veker.

Bygget vert slik som teikningane viser, der 2.etg i denne omgang kun vert levert som uisolert råbygg.
Me har prioritert å få ferdig 1.etg så raskt som mulig, då det hastar å få aktiviteten i gang att.

Ferdigstilling av huset vert neste sommar, slik at vinteraktivitetane neste haust skal kunne skje i eige hus.

Utvendig vert det gul/oker farge med  royalimpregnert panel  (slik som kunstsenteret og nye leiligheitene på Einemo)
Taket vert ståltak type Plannja Trend 475. (lys grå)
Desse vala er gjordt for at bygget skal framstå som eit moderne bygg, som vil ta seg pent ut.

Elektronisk adgangskontroll i staden for nøklar.
Begge bygga vil få elektronisk adgangskontroll, då erfaringa med nøklar på avvegar kjenner dei fleste.
No vil brukarane få eit kort eller brikke med tildelt kode for å få tilgang.

I fyrste omgang vert det kun ytterdørane som har slik adgangskontroll, men når vi skal til å innreie 2.etg, vil vi også montere det på innerdører etter behov.

Oppvarminga vert vannbåren varme med temperaturstyring for kvart rom.

Innvendig vert det belegg og golvflis, på veggene vert det ferdigbehandla glattpanel i ein gråfarge.

Taket vert systemhimling, som har  gode akustiske eigenskaper og det lettar mykje seinare ettermontering av kabler, utstyr  m.v.

Årdalsnett AS har gjeve begge bygga gratis internett, så vi vil få både faste kabelpunkter og wifi.

Oppgjeret med Gjensidige har teke tid, men til slutt kom dei oss i møte og vi er no svært fornøyd med sluttresultatet.

LIL har betalt om lag kr 350.000 i eigenkaptal for dei  65 m2 tilleggsaral i  1.etg. Spelemiddelsøknad er sendt for dette arealet.
Bygging er alltid risikabelt med omsyn til overskridingar, men slik me ser det i dag, skal ikkje LIL legge ytterligare midlar i byggeprosjektet.

Når det gjeld 2.etg så søkjer vi kommunen om delfinansiering her og spelemiddelsøknad vert sendt for denne seinare.
Her ligger det godt til rette for dugnad, men vi har ikkje tidsplan for denne etasjen nett no.

Forhandlingsutvalet i byggesaka og med Gjensidige har vore Finn Hauge og Rolf Jerving.
Dei har gjordt ein fantastisk jobb for å få dette i hamn på ein svært god måte for laga.

Det skal bli godt å koma i gang med bygginga, då det er tungvint å ikkje ha eigne lokaler for aktivitetane våre.

Teikningane finn du her.

Styret