Dugnad i lysløypa på Kvame

I forbindelse med at me har fått midlar til å bytte ut gamle lysarmatur i lysløypa på Kvame har skigruppa bruk for dugnadshjelp. I fyrste omgang er det skogrydding langs trasèen som går av stabelen. Me treng mykje folk framover, då me gjerne skulle ha hatt løypa klar i løpet av vinteren. (les: helst til til sesongen startar. ) Det er bestemt at me har dugnadsdagar kvar laurdag i oktober i fyrste omgang. Møt opp ved Røysestova på Kvame laurdag 3.okt. kl.10.00. Arbeidet består i rydding av skog, så me treng folk til å bære kvist og me treng folk med motorsag. For dei som ikkje har moglegheit å møte på laurdagar men gjerne vil bidra, er det ikkje problem å nytte andre dagar. Ta kontakt med leiaren i skigruppa Heine Linga, eller andre i styret.

PS: Det er viktig at dei som nyttar motorsag brukar korrekt verneutstyr.