Tumblingkurs i Øvre Årdal

Tumbling vert utført på ei bane som i konkurransar er 2 meter brei og 14 meter lang. Det spesielle med øvingane i tumbling er at dei vert utført i ein serie av fleire påfølgjande moment.

For eksempel: rulle – handståande – hjul.

Dei meir avanserte øvingane er: arabar, flikkflakk, salto bakover, stift og salto framover. Desse må det arbeidast mykje med, og det er viktig at ein lærer dei riktig frå byrjinga.

Målgruppe: Instruktørar, kroppsøvingslærarar, interesserte foreldre og andre personar som nyttar tumbling i aktivitet.

Dato: Laurdag 15.oktober

Sjå innbydelsen her:

innb-tumblingkurs-okt-16

 

Håpar at mange har lyst til å ta kurset!

Me i turngruppa treng mange engasjerte foreldre for at me skal kunne tilby eit godt tilbod innan aitrack og trampett til borna våre!

Ta kontakt med Ann-Hege på epost: an-eines@online.no om du er interessert.