Svanhild Lindesteg gjekk ut av styret etter 6 år. Ho har tidlegare vore kasserar i hovudstyret i 1990 -1994 og har såleis hatt lang knyting til laget. Det nye klubbhuset treng tilsyn og Svanhild har sagt seg villig til noko ettersyn som glasvask mv. Alle som vil nytte møterommet må bestille dette og det vil […]
Archive | mars, 2019
Endringar i styret
I tillegg til at Lærdal-IL har fått ny leiar, har det skjedd fleire endringar i styret. Svanhild Lindesteg og undertegna har gått ut av styret. Hanne Ødegård er ny sekretær og Sæmund Stokstad er nytt styremedlem.
Ny leiar i Lærdal-IL
Guri Olsen vart valgt som ny leiar i Lærdal-IL på det ekstraordinære årsmøtet som var 28.3.2019. Ho har vore styremedlem i skeisegruppa. Guri kjem frå Fana i Bergen og arbeider i Aurland Kommune som tenesteleiar for helse og førebygging. Ho overtek etter Hallvard Thomassen som har vore leiar sidan 2013, men som no ynkste avløysing.
Årsmelding for Friidrettssgruppa
Årsmeldinga finn du her.
Storehaugen Opp påmelding
Påmeldinga er no opna. Storehaugen Opp vert i år 30.5. Sjå òg infoplakaten.
Nytt årsmøte
Pga val av ny leiar i Lærdal-IL vert det ekstraordinært årsmøte torsdag 28.3 kl 20:00 i klubbhuset. Møteinnkallinga finn du her.
Årsmeldingar
Årsmeldingane for 2018 for dei forskjellige gruppene finn du her.