Har gått ut av styret, men har fortsatt oppgåver for Lærdal-IL

Svanhild Lindesteg gjekk ut av styret etter 6 år.  Ho har tidlegare vore kasserar i hovudstyret i 1990 -1994 og har såleis hatt lang knyting til laget.

Det nye klubbhuset treng tilsyn og Svanhild har sagt seg villig til noko ettersyn som glasvask mv.

Alle som vil nytte møterommet må  bestille dette og det vil Svanhild ta seg av frametter. Mobil 90720857.

Arvid Vindedal har vore styremedlem i 9 år og har arbeida mykje med laget si heimeside.

Det vil  Arvid framleis hjelpe til med, så meldingar og stoff ein vil ha lagt ut, kan framleis sendast til han på mail: arvinded@online.no

Styret synes det er flott at desse to framleis vil ta på seg oppgåver for laget, trass at dei ikkje har formelle verv lenger.

Noko å tenkja på for fleire ?

Dei fekk begge blomar og ein glasvase med laget sin logo og teksten: Takk for innsatsen for laget.

Styret

Tekst og foto: Jarle Offerdal