Oppstart trening på airtrack og trampett veke 42

Trening på trampett og airtrack

Turngruppa får dette året disponere Ljøsne gymsal, og kjem difor til å utvide tilbodet noko, med mindre grupper og fleire tilbod. Oppstart vert fyrste veka etter haustferien.Foreløpige treningstider:
Måndagar: 6. klasse (17.30-18.30) og 7.-10. klasse (18.45-19.45)
Tysdagar: 4. klasse (17.30-18.30) og 5. klasse (18.45-19.45)
Tilbod til 4. klasse, er avhengig av at nokon foreldre melder seg som hjelpetrenarar.

Hugs å melde på borna på turn til Ann-Hege (92809082) eller
epost: an-eines@online.no innan 20/9-2019, påmeldingsfrist onsdag 25.sept!

Eventuelt utvida tilbod/treningsdagar vert vurdert og informert om når me har oversikt over tal turnarar.

Me veit at det framleis er mange som spelar fotball, og alle er hjarteleg velkommen når fotballsesongen er over.

Treninga vil innehalde øvingar på airtrack, trampett og matte. Det vil og verte styrketrening og andre øvingar som gjer ein til ein god turnar.

Turngruppa si facebookside og gruppe(Turngruppa LIL og Turngruppa Lærdal 2019/2020) vert nytta for å legge ut informasjon. Det same gjeld heimesida til LIL.

Får å få vera med på turn, må ein vera medlem i Lærdal idrettslag, link til medlemsgiro:
https://laerdal-il.no/…/uplo…/2019/03/k3_medlemsgiro_2019.pdf

I tillegg er det ei treningsavgift på kr.300 pr år.
Betaling til konto: 3838.30.22026 innan 1.november.
Denne avgifta dekkar forsikring for bornet.
Viktig: merk betalinga med barnet sitt namn!

Me ser fram til å sjå dykk! 🙂