Følg LIL på Norway Cup
På årsmøtet i Lærdal Idrettslag i vinter vart det gjort stas på fotballjentene J13/14 som vart kretsmeistrar i 7-er fotball i 2017. Dei fekk ei pengegåve som no skal nyttast på Norway Cup.
Styret i idrettslaget hadde valt å sette fokus på gode idrettspresentasjonar i året som gjekk. Me har lyst å framheve prestasjonar som kan vera til inspirasjon for andre, både for lag og individuelle prestasjonar, seier leiar i laget Hallvard Thomassen. Blant dei som fekk merksemd var also jentelaget i 7-er fotball – J13/14, som no er blitt eit år eldre. Dei har også i år hatt ein fantastisk sesong so langt og har vunne alle kampane sine, fortel trenar Kjell Olav Bjørkum. Som framhevar samhaldet og treningsiveren i laget som viktige faktorar i laget.
I tillegg til jentelaget stiller me også med gutelaget i aldersklasse G15/17 – dette er eit 11-er lag, so no er håpet at me snart har på plass eit nytt A-lag, seier Jan Tore Stølen, leiar i fotballgruppa. Følg laga på lenkene nedanfor;
Boys 16 – born 2002 – 11 aside Girls 15/16 – born 2002 – 7 aside