Fleire har dei siste vekene fått belastninger fra Vipps Fotballgruppa for kjøp langt tilbake i tid. Årsaka til dette er at det har lege ein funksjon på vipps kontoen som krever at ein må logge på vipps og fysisk belaste alle transaksjoner ein og ein. Dette har me ikkje vore klar over – fann først […]
Archive | Nyheiter frå Styret
RSS feed for this sectionBetalingsfrist for medlemskontingent er 15. mai
For dei som ikkje allereie har betalt, minner me på førehand om at betalingsfristen for medlemskontingenten for 2019 i Lærdal-IL er 15.5.2019. Dersom du ikkje har medlemsgiro finn du denne her.
Medlemsgiro
Alle husstandar i Lærdal skal etterkvart få medlemsgiro i postkassen. Dette er ikkje heilt gjennomført enno, men du finn òg årets medlemsgiro her. Det vart bestemt på årsmøtet at medlemskontingenten for 2019 vert kr 150,- pr medlem uansett alder. Dette gjeld òg støttemedlemar. Det er viktig å føre opp namn og fødselsdato på dei innbetalinga […]
Har gått ut av styret, men har fortsatt oppgåver for Lærdal-IL
Svanhild Lindesteg gjekk ut av styret etter 6 år. Ho har tidlegare vore kasserar i hovudstyret i 1990 -1994 og har såleis hatt lang knyting til laget. Det nye klubbhuset treng tilsyn og Svanhild har sagt seg villig til noko ettersyn som glasvask mv. Alle som vil nytte møterommet må bestille dette og det vil […]
Endringar i styret
I tillegg til at Lærdal-IL har fått ny leiar, har det skjedd fleire endringar i styret. Svanhild Lindesteg og undertegna har gått ut av styret. Hanne Ødegård er ny sekretær og Sæmund Stokstad er nytt styremedlem.
Ny leiar i Lærdal-IL
Guri Olsen vart valgt som ny leiar i Lærdal-IL på det ekstraordinære årsmøtet som var 28.3.2019. Ho har vore styremedlem i skeisegruppa. Guri kjem frå Fana i Bergen og arbeider i Aurland Kommune som tenesteleiar for helse og førebygging. Ho overtek etter Hallvard Thomassen som har vore leiar sidan 2013, men som no ynkste avløysing.
Nytt årsmøte
Pga val av ny leiar i Lærdal-IL vert det ekstraordinært årsmøte torsdag 28.3 kl 20:00 i klubbhuset. Møteinnkallinga finn du her.
Årsmøte 2019 (oppdaterte dokument)
Dert vert årsmøte i Lærdal-IL 13.3 kl 19:00 i klubbhuset. Oppdatert innkalling finn du her og møtedokumentet finn du her. Det vil bli orientert om kunstisprosjektet på årsmøtet. Vel møtt.
Bli med å marknadsføra den vakre bygdi vår – foto til Lærdalskalenderen
Lærdalskalenderen er eit samarbeid mellom Lærdal idrettslag og Lærdal musikklag. Kalenderen er laga med stønad frå Lærdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Kalenderen er eit årleg produkt, og me vonar den skal vera med på å marknadsføra kommunen vår på ein positiv måte. Me innbyr publikum til å vera med å forma kalenderen med eigne […]
Politiattest
Norges idrettsforbund set krav om at alle personar i idrettslag som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneberer eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming, SKAL leggja fram politiattest til hovudstyret i idrettslaget. Dette gjeld personar frå 15 år og oppover. Ein person i hovudstyret er kontaktperson og ansvarleg for ordninga. […]